Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 7:5-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Av Juda-stammen var det 12 000 med segl,av Ruben-stammen 12 000,av Gad-stammen 12 000,

6. av Asjer-stammen 12 000,av Naftali-stammen 12 000,av Manasse-stammen 12 000,

7. av Simeon-stammen 12 000,av Levi-stammen 12 000,av Jissakar-stammen 12 000,

8. av Sebulon-stammen 12 000,av Josef-stammen 12 000og av Benjamin-stammen 12 000 med segl.

9. Deretter såg eg ein flokk så stor at ingen kunne telja han, av alle folkeslag og ætter, av alle folk og tungemål. Dei stod framfor trona og Lammet, kledde i kvite klede, med palmegreiner i hendene.

10. Og dei ropa med høg røyst:Sigeren kjem frå vår Gud,han som sit på trona, og frå Lammet.

11. Alle englane stod rundt trona og dei eldste og dei fire skapningane. Dei kasta seg ned framfor trona med andletet mot jorda og tilbad Gud

12. og sa:Amen.All lov og pris og visdom,takk og ære, makt og veldehøyrer vår Gud til i all æve.Amen.

13. Då tok ein av dei eldste til orde og spurde meg: «Desse som er kledde i kvite klede, kven er dei, og kvar kjem dei frå?»

14. «Herre», svara eg, «du veit det.» Då sa han til meg:«Dette er dei som kjem ut av den store trengslaog har vaska kappene sineog gjort dei kvite i blodet frå Lammet.

15. Difor står dei for Guds troneog tener han dag og natt i hans tempel.Og han som sit på trona,skal reisa sin bustad over dei.

16. Dei skal ikkje lenger svelta eller tørsta, og sola skal ikkje falla på dei eller brennande hete.

17. For Lammet, som står midt på trona, skal vera gjetaren deira og føra dei til kjelder med livsens vatn, og Gud skal tørka kvar tåre frå auga deira.»

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 7