Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 6:10-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Dei ropa med høg røyst: «Herre, du heilage og truverdige, kor lenge vil du venta før du held dom og lèt straffa for blodet vårt koma over dei som bur på jorda?»

11. Då fekk kvar av dei ei kvit kappe, og det vart sagt dei at dei skulle halda seg i ro endå ei lita stund, til talet var fullt på dei medtenarane og syskena som skulle bli drepne slik som dei sjølve.

12. Og eg såg Lammet bryta det sjette seglet. Då kom det eit stort jordskjelv. Sola vart svart som ei sørgjedrakt, fullmånen vart som blod,

13. og stjernene på himmelen fall ned på jorda slik umogne frukter drys frå eit fikentre i storm.

14. Himmelen rivna og rulla seg saman som ein bokrull, og kvart fjell og kvar øy vart flytt frå sin stad.

15. Kongane på jorda, stormenn og hærførarar, dei rike og dei mektige, kvar slave og kvar fri, alle gøymde dei seg i hòler og mellom berghamrar.

16. Og dei sa til fjella og hamrane: «Fall over oss og løyn oss for andletet til han som sit på trona, og for vreiden til Lammet.

17. For den store vreidedagen er komen, og kven kan då bli ståande?»

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 6