Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 6:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Og eg såg Lammet bryta det første av dei sju segla, og eg høyrde ein av dei fire skapningane ropa med ei røyst som toreslag: «Kom!»

2. Og eg såg, og sjå! – ein kvit hest. Og han som sat på hesten, hadde ein boge. Det vart gjeve han ein sigerskrans, og med siger drog han ut for å sigra.

3. Då Lammet braut det andre seglet, høyrde eg den andre skapningen ropa: «Kom!»

4. Og det kom fram ein annan hest, raud som eld. Han som sat på hesten, fekk makt til å ta freden bort frå jorda, så folk skulle slakta kvarandre ned. Og det vart gjeve han eit stort sverd.

5. Då Lammet braut det tredje seglet, høyrde eg den tredje skapningen ropa: «Kom!» Og eg såg, og sjå! – ein svart hest. Og han som sat på hesten, hadde ei skålvekt i handa.

6. Og eg høyrde liksom ei røyst inne mellom dei fire skapningane: «Ein liter kveite for ei dagløn! Tre liter bygg for ei dagløn! Men oljen og vinen må du ikkje skada.»

7. Då Lammet braut det fjerde seglet, høyrde eg den fjerde skapningen ropa: «Kom!»

8. Og eg såg, og sjå! – ein gulbleik hest. Han som sat på hesten, bar namnet Døden, og dødsriket følgde med han. Dei fekk makt over fjerdedelen av jorda, så dei kunne drepa med sverd, hungersnaud og pest og ved villdyra på jorda.

9. Då Lammet braut det femte seglet, såg eg under altaret sjelene til dei som var slakta ned for Guds ord skuld og for det vitnemålet dei hadde gjeve.

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 6