Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 3:7-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Skriv til engelen for forsamlinga i Filadelfia:Dette seier Den heilage og sannferdige, han som har Davids nøkkel, som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna:

8. Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og du har halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn.

9. Sjå, eg lèt nokre koma frå Satans synagoge, slike som lyg og seier dei er jødar, men ikkje er det. Dei skal koma og kasta seg ned for føtene dine, og dei skal skjøna at eg har elska deg.

10. Du har halde fast på mitt ord om tolmod. Difor vil eg halda fast på deg i den prøvingstida som skal koma over heile verda for å prøva dei som bur på jorda.

11. Eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta frå deg sigerskransen!

12. Den som sigrar, vil eg gjera til ei søyle i min Guds tempel, og aldri meir skal han gå ut derifrå. Eg vil skriva min Guds namn på han og namnet på min Guds by, det nye Jerusalem, som kjem ned frå himmelen, frå min Gud – og like eins mitt eige nye namn.

13. Den som har øyre, høyr kva Anden seier til forsamlingane!

14. Skriv til engelen for forsamlinga i Laodikea:Dette seier han som er Amen, det trufaste og sannferdige vitnet, opphavet til alt som Gud har skapt:

15. Eg veit om gjerningane dine – du er verken kald eller varm. Om du berre var kald eller varm!

16. Men du er lunka, ikkje varm og ikkje kald. Difor skal eg spytta deg ut av min munn.

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 3