Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 3:12-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Den som sigrar, vil eg gjera til ei søyle i min Guds tempel, og aldri meir skal han gå ut derifrå. Eg vil skriva min Guds namn på han og namnet på min Guds by, det nye Jerusalem, som kjem ned frå himmelen, frå min Gud – og like eins mitt eige nye namn.

13. Den som har øyre, høyr kva Anden seier til forsamlingane!

14. Skriv til engelen for forsamlinga i Laodikea:Dette seier han som er Amen, det trufaste og sannferdige vitnet, opphavet til alt som Gud har skapt:

15. Eg veit om gjerningane dine – du er verken kald eller varm. Om du berre var kald eller varm!

16. Men du er lunka, ikkje varm og ikkje kald. Difor skal eg spytta deg ut av min munn.

17. «Eg er rik», seier du, «eg har overflod og manglar ingen ting.» Men du veit ikkje at nettopp du er arm og ynkeleg, blind, fattig og naken.

18. Difor rår eg deg til å kjøpa av meg gull som er reinsa i eld, så du kan bli rik, og kvite klede som du kan kle deg med og løyna di nakne skam, og salve til å stryka på auga dine, så du kan sjå.

19. Alle dei eg har kjær, refsar eg og viser til rette. Gjer alvor av å venda om!

20. Sjå, eg står framfor døra og bankar. Om nokon høyrer mi røyst og opnar døra, då vil eg gå inn til han og halda måltid, eg med han og han med meg.

21. Den som sigrar, vil eg la sitja med meg på mi trone, slik eg sjølv har sigra og sett meg med Far min på hans trone.

22. Den som har øyre, høyr kva Anden seier til forsamlingane!

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 3