Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 21:19-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Grunnsteinane i bymuren var prydde med edelsteinar av alle slag. Den første grunnsteinen var av jaspis, den andre av safir, den tredje av kalsedon, den fjerde av smaragd,

20. den femte av sardonyks, den sjette av karneol, den sjuande av krysolitt, den åttande av beryll, den niande av topas, den tiande av krysopras, den ellevte av hyasint, den tolvte av ametyst.

21. Dei tolv portane var tolv perler; kvar port var laga av ei einaste perle. Gata gjennom byen var av reint gull, klår som glas.

22. Noko tempel såg eg ikkje i byen, for Herren Gud, Den allmektige, og Lammet er tempel der.

23. Og byen treng ikkje lys frå sol eller måne, for Guds herlegdom lyser over han, og Lammet er lyset hans.

24. Folkeslaga skal vandra i lyset frå byen, og kongane på jorda skal koma dit med alle rikdomane sine.

25. Byportane skal aldri stengjast etter dagen, for natt skal ikkje vera der.

26. Og alt det verdfulle og herlege som folka eig, skal dei føra inn i byen.

27. Men noko ureint skal aldri koma inn i han, ingen som gjer motbydelege ting eller fer med løgn, men berre dei som er oppskrivne i livsens bok hos Lammet.

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 21