Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 21:1-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Og eg såg ein ny himmel og ei ny jord. For den første himmel og den første jord var borte, og havet var ikkje meir.

2. Og eg såg den heilage byen, det nye Jerusalem, koma ned frå himmelen, frå Gud, gjord i stand lik ei brur som er pynta for sin brudgom.

3. Og eg høyrde frå trona ei høg røyst som sa:«Sjå, Guds bustad er hos menneska. Han skal bu hos dei, og dei skal vera hans folk,og Gud sjølv skal vera hos dei. Han skal vera deira Gud.

4. Han skal tørka kvar tåre frå auga deira,og døden skal ikkje vera meir,og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pine.For det som ein gong var, er borte.»

5. Han som sit på trona, sa: «Sjå, eg gjer alle ting nye!» Og han sa: «Skriv det opp! For desse orda er pålitelege og sanne.»

6. Så sa han til meg: «Det har hendt! Eg er Alfa og Omega, opphavet og enden. Eg vil gje den tørste å drikka av kjelda med livsens vatn som gåve.

7. Den som sigrar, skal arva dette, og eg vil vera hans Gud, og han skal vera min son.

8. Men dei som er feige og vantruande og vanheilage, dei som myrdar og driv hor, trollmennene og avgudsdyrkarane og alle løgnarane, deira plass skal vera i sjøen som brenn med eld og svovel. Det er den andre døden.»

9. Ein av dei sju englane som hadde dei sju skålene, fylte med dei sju siste plagene, kom og sa til meg: «Kom, så skal eg visa deg brura som Lammet har teke til ekte.»

10. I ånda førte han meg opp på eit stort og høgt fjell og viste meg den heilage byen, Jerusalem, som kom ned frå himmelen, frå Gud.

11. Byen hadde Guds herlegdom og stråla som den dyraste edelstein, som krystallklår jaspis.

12. Byen hadde ein stor og høg mur med tolv portar, og ved dei stod det tolv englar. På portane var det skrive namn, det var namna på dei tolv stammane til Israelsfolket.

13. Tre portar vende mot aust, tre mot nord, tre mot sør og tre mot vest.

14. Bymuren hadde tolv grunnsteinar, og på dei var det skrive tolv namn, det var namna på dei tolv apostlane til Lammet.

15. Han som tala med meg, hadde ei målestong av gull. Med den skulle han måla både byen og portane og muren.

16. Byen var bygd som ein firkant, like lang som brei. Og engelen målte byen med målestonga: Han var 12 000 stadiar lang og like brei og høg.

17. Så målte han bymuren: Han var 144 alner høg etter menneskemål, som òg er englemål.

18. Muren var bygd av jaspis, og sjølve byen var av reint gull, lik det klåraste glas.

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 21