Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 20:6-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Sæl og heilag er den som får ta del i den første oppstoda. Over dei har den andre døden inga makt. Dei skal vera Guds og Kristi prestar og herska som kongar med han i tusen år.

7. Og når dei tusen åra er til ende, skal Satan sleppast laus frå fengselet sitt.

8. Han skal dra ut og forføra folka ved dei fire verdshjørna, Gog og Magog, og samla dei til strid; og dei er talrike som havsens sand.

9. Dei drog opp til høgsletta på jorda og kringsette leiren til dei heilage og den byen som var elska. Men det fór eld ned frå himmelen og gjorde ende på dei.

10. Og djevelen, som hadde forført dei, vart kasta i sjøen med eld og svovel, der dyret og den falske profeten er. Der skal dei pinast dag og natt i all æve.

11. Og eg såg ei stor, kvit trone og han som sat på trona. Jorda og himmelen flykta bort frå hans andlet, og dei fanst ikkje meir.

12. Og eg såg dei døde, store og små: Dei stod framfor trona, og bøker vart opna. Og ei anna bok vart opna, livsens bok. Og dei døde vart dømde etter det som stod skrive i bøkene, etter gjerningane sine.

13. Havet gav frå seg dei døde som var der, og døden og dødsriket gav frå seg dei døde som var der, og dei vart dømde, kvar etter sine gjerningar.

14. Så vart døden og dødsriket kasta i eldsjøen. Og eldsjøen, det er den andre døden.

15. Og dersom nokon ikkje stod oppskriven i livsens bok, vart han kasta i eldsjøen.

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 20