Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 2:7-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Den som har øyre, høyr kva Anden seier til forsamlingane! Den som sigrar, vil eg la eta av livsens tre, som er i Guds paradis.

8. Skriv til engelen for forsamlinga i Smyrna:Dette seier den første og den siste, han som var død og har vorte levande:

9. Eg veit om trengslene du må lida, og kor fattig du er – men du er rik. Eg veit òg at du blir spotta av dei som kallar seg jødar, men ikkje er det, for dei er Satans synagoge.

10. Ver ikkje redd for det du skal lida! Djevelen kjem til å kasta nokre av dykk i fengsel for at de skal setjast på prøve, og de skal lida vondt i ti dagar. Ver tru til døden, så skal eg gje deg livsens sigerskrans!

11. Den som har øyre, høyr kva Anden seier til forsamlingane! Den som sigrar, skal ikkje skadast av den andre døden.

12. Skriv til engelen for forsamlinga i Pergamon:Dette seier han som har det kvasse, tvieggja sverdet:

13. Eg veit kvar du bur, der Satan har trona si. Likevel held du fast på mitt namn. Og du har ikkje fornekta trua på meg, ikkje eingong i dei dagane då Antipas, mitt trufaste vitne, vart drepen i byen dykkar, der Satan bur.

14. Men noko har eg imot deg: Du har nokre hos deg som held seg til Bileams lære, han som lærte Balak å setja ei felle for Israelsfolket, så dei åt avgudsoffer og dreiv hor.

15. Så har du òg nokre hos deg av same slaget, dei som held seg til det nikolaittane lærer.

16. Vend om! Elles kjem eg snart til deg og vil kjempa mot dei med sverdet som går ut frå min munn.

17. Den som har øyre, høyr kva Anden seier til forsamlingane!Den som sigrar, vil eg gje av den løynde manna. Og eg vil gje han ein kvit stein, og på steinen er det skrive eit nytt namn som ingen kjenner utan den som får det.

18. Skriv til engelen for forsamlinga i Tyatira:Dette seier Guds Son, han som har auge som logande eld og føter som bronse:

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 2