Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 2:4-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Men dette har eg imot deg: Du har gjeve opp din første kjærleik.

5. Kom i hug kvar du stod før du fall. Vend om og gjer dei gjerningane du gjorde før! Elles kjem eg til deg og tek lysestaken din bort – om du ikkje vender om.

6. Men den ros skal du ha, at du hatar gjerningane til nikolaittane, slik eg sjølv gjer.

7. Den som har øyre, høyr kva Anden seier til forsamlingane! Den som sigrar, vil eg la eta av livsens tre, som er i Guds paradis.

8. Skriv til engelen for forsamlinga i Smyrna:Dette seier den første og den siste, han som var død og har vorte levande:

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 2