Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 2:19-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Eg veit om gjerningane dine, kjærleiken din og trua di, tenesta di og tolmodet ditt. Ja, dei siste gjerningane dine overgår dei første!

20. Men dette har eg imot deg: Du toler denne kvinna Jesabel, ho som kallar seg profet, men som med læra si lokkar tenarane mine til å driva hor og eta avgudsoffer.

21. Eg har gjeve henne tid til å venda om, men ho vil ikkje venda om frå sitt horeri.

22. Sjå, no kastar eg henne på sjukeseng, og dei som gjer ekteskapsbrot med henne, kastar eg ut i stor naud om dei ikkje vender om frå gjerningane hennar,

23. og borna hennar vil eg drepa med pest. Slik skal alle forsamlingane sanna at eg er den som granskar nyrer og hjarte, og som løner kvar og ein av dykk etter det de har gjort.

24. Men til dykk andre i Tyatira, alle som ikkje følgjer denne læra og ikkje har «kjent Satans avgrunnar», som dei kallar det, til dykk seier eg: Eg legg inga ny bør på dykk.

25. Hald berre fast på det de har, heilt til eg kjem.

26. Den som sigrar og heilt til det siste held seg til mine gjerningar, skal eg gje makt over folkeslaga.

27. Han skal styra dei med jernstav, som leirkar skal dei knusast.

28. Ei slik makt har eg fått av Far min. Og eg vil gje han morgonstjerna.

29. Den som har øyre, høyr kva Anden seier til forsamlingane!

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 2