Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 2:13-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Eg veit kvar du bur, der Satan har trona si. Likevel held du fast på mitt namn. Og du har ikkje fornekta trua på meg, ikkje eingong i dei dagane då Antipas, mitt trufaste vitne, vart drepen i byen dykkar, der Satan bur.

14. Men noko har eg imot deg: Du har nokre hos deg som held seg til Bileams lære, han som lærte Balak å setja ei felle for Israelsfolket, så dei åt avgudsoffer og dreiv hor.

15. Så har du òg nokre hos deg av same slaget, dei som held seg til det nikolaittane lærer.

16. Vend om! Elles kjem eg snart til deg og vil kjempa mot dei med sverdet som går ut frå min munn.

17. Den som har øyre, høyr kva Anden seier til forsamlingane!Den som sigrar, vil eg gje av den løynde manna. Og eg vil gje han ein kvit stein, og på steinen er det skrive eit nytt namn som ingen kjenner utan den som får det.

18. Skriv til engelen for forsamlinga i Tyatira:Dette seier Guds Son, han som har auge som logande eld og føter som bronse:

19. Eg veit om gjerningane dine, kjærleiken din og trua di, tenesta di og tolmodet ditt. Ja, dei siste gjerningane dine overgår dei første!

20. Men dette har eg imot deg: Du toler denne kvinna Jesabel, ho som kallar seg profet, men som med læra si lokkar tenarane mine til å driva hor og eta avgudsoffer.

21. Eg har gjeve henne tid til å venda om, men ho vil ikkje venda om frå sitt horeri.

22. Sjå, no kastar eg henne på sjukeseng, og dei som gjer ekteskapsbrot med henne, kastar eg ut i stor naud om dei ikkje vender om frå gjerningane hennar,

23. og borna hennar vil eg drepa med pest. Slik skal alle forsamlingane sanna at eg er den som granskar nyrer og hjarte, og som løner kvar og ein av dykk etter det de har gjort.

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 2