Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 2:1-4 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Skriv til engelen for forsamlinga i Efesos:Dette seier han som held dei sju stjernene i si høgre hand, han som går omkring mellom dei sju gull-lysestakane:

2. Eg veit om gjerningane dine: Du har streva, og du har halde ut. Eg veit òg at du ikkje kan tola dei vonde. Du har prøvd dei som kallar seg apostlar, men ikkje er det, og du har funne at dei er løgnarar.

3. Du har halde ut, og du har tolt mykje for mitt namn skuld og ikkje trøytna.

4. Men dette har eg imot deg: Du har gjeve opp din første kjærleik.

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 2