Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 19:15-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Og ut or munnen hans går det eit skarpt sverd; med det skal han slå folkeslaga ned. Han skal styra dei med jernstav og trø vinpressa som er fylt med vreidevin, med harmen frå Gud, Den allmektige.

16. På kappa og ved hofta har han eit namn skrive: Kongen over kongane og herren over herrane.

17. Og eg såg ein engel som stod inne i sola. Han ropa med høg røyst til alle fuglane som flyg under himmelkvelven: «Kom hit, samla dykk til Guds store gjestebod!

18. De skal få eta kjøtet av kongar og hærførarar og mektige menn, kjøtet av hestar og ryttarane deira, kjøtet av alle, både frie og slavar, små og store.»

19. Og eg såg dyret og kongane på jorda og hærane deira samla til krig mot han som sat på hesten, og mot hæren hans.

20. Men dyret vart fanga saman med den falske profeten, han som tente dyret og gjorde under og med dei forførte alle som tok merket til dyret og tilbad biletet av det. Begge vart kasta levande i eldsjøen som brenn med svovel.

21. Dei andre vart drepne med sverdet til ryttaren, det sverdet som gjekk ut or munnen hans. Og alle fuglane åt seg mette av kjøtet deira.

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 19