Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 18:7-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Gjev henne like mykje pine og sorgsom ho sjølv har unnt seg prakt og luksus.Ho seier til seg sjølv:‘Her sit eg som dronning,eg er ikkje enkje,og sorg skal eg aldri vita av.’

8. Difor skal plagene hennar komapå éin og same dagen:død og sorg og hungersnaud,og ho skal brennast opp med eld.For veldig er Herren Gud som dømmer henne.»

9. Kongane på jorda, som har levd med henne i hor og luksus, skal gråta og bryta ut i klagerop over henne når dei ser røyken stiga opp der ho brenn.

10. Skremde av lidingane hennar skal dei stå langt borte og ropa:«Ve, ve du store by,Babylon, du mektige by!På ein einaste time kom dommen over deg.»

11. Kjøpmennene på jorda skal gråta og sørgja over henne fordi ingen kjøper skipslastene deira lenger:

12. skipslaster av gull og sølv, edelsteinar og perler, fint lin og purpur, silke og skarlak, allslags angande tre, alle slags ting av elfenbein og verdfullt tre, av kopar, jern og marmor,

13. kanel og krydder, røykjelse, salveolje og virak, vin og olje, fint mjøl og kveite, storfe og småfe, hestar og vogner og slavar, levande menneske.

14. «Fruktene som var lysta i livet ditt,er borte for deg,og alt det dyre du eigde,og all di prakt har du tapt,aldri skal det finnast meir.»

15. Dei som handlar med slike varer, kjøpmenn som har tent seg rike på henne, skal stå langt borte, skremde av lidingane hennar. Dei skal gråta og sørgja

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 18