Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 18:19-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Og dei kasta støv på hovudet, og gråtande og sørgjande ropa dei:«Ve, ve over den store byen,der alle som har skip på havet,har vorte rike av hennar overflod!På ein einaste time vart ho lagd øyde.»

20. Gled dykk over hennar fall, du himmelog de heilage, de apostlar og profetar!For Gud har dømt henne og gjeve dykk oppreising.

21. Då tok ein mektig engel opp ein stein, stor som ein kvernstein, kasta han i havet og sa:«Slik skal Babylon, den store byen,bli kasta ned med veldig kraftog aldri meir finnast.

22. I deg skal det aldri meir høyrastlyd av harpespelarar og songarar,fløytespelarar og basunblåsarar.I deg skal det aldri meir finnasthandverkarar av noko slag.I deg skal det aldri meir høyrastlyd av kvernstein som durar.

23. I deg skal det aldri meir skinalys frå noka lampe.I deg skal det aldri meir høyrastrøyster av brudgom og brur.For kjøpmennene dine var stormenn på jorda,og med trolldomen din vart alle folkeslag forførte.

24. I denne byen vart det funne blod av profetar og heilage,ja, av alle dei som er slakta ned på jorda.»

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 18