Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 18:13-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. kanel og krydder, røykjelse, salveolje og virak, vin og olje, fint mjøl og kveite, storfe og småfe, hestar og vogner og slavar, levande menneske.

14. «Fruktene som var lysta i livet ditt,er borte for deg,og alt det dyre du eigde,og all di prakt har du tapt,aldri skal det finnast meir.»

15. Dei som handlar med slike varer, kjøpmenn som har tent seg rike på henne, skal stå langt borte, skremde av lidingane hennar. Dei skal gråta og sørgja

16. og seia:«Ve, ve over den store byen,som var kledd i fint lin og purpur og skarlak,og som glitra av gull og edelsteinar og perler!

17. På ein einaste time er all denne rikdomen lagd øyde.»Alle som fører skip på havet, og dei som ferdast langs kystane, sjømennene og alle som har sitt arbeid på havet, stod langt borte.

18. Dei såg røyken då ho brann, og ropa: «Kvar finst maken til denne store byen?»

19. Og dei kasta støv på hovudet, og gråtande og sørgjande ropa dei:«Ve, ve over den store byen,der alle som har skip på havet,har vorte rike av hennar overflod!På ein einaste time vart ho lagd øyde.»

20. Gled dykk over hennar fall, du himmelog de heilage, de apostlar og profetar!For Gud har dømt henne og gjeve dykk oppreising.

21. Då tok ein mektig engel opp ein stein, stor som ein kvernstein, kasta han i havet og sa:«Slik skal Babylon, den store byen,bli kasta ned med veldig kraftog aldri meir finnast.

22. I deg skal det aldri meir høyrastlyd av harpespelarar og songarar,fløytespelarar og basunblåsarar.I deg skal det aldri meir finnasthandverkarar av noko slag.I deg skal det aldri meir høyrastlyd av kvernstein som durar.

23. I deg skal det aldri meir skinalys frå noka lampe.I deg skal det aldri meir høyrastrøyster av brudgom og brur.For kjøpmennene dine var stormenn på jorda,og med trolldomen din vart alle folkeslag forførte.

24. I denne byen vart det funne blod av profetar og heilage,ja, av alle dei som er slakta ned på jorda.»

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 18