Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 18:1-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Etter alt dette såg eg ein annan engel stiga ned frå himmelen. Han hadde stor makt, og jorda vart opplyst i glansen frå han.

2. Han ropa med høg røyst:«Fallen, fallen er Babylon den store!Ho har vorte ein bustad for vonde ånder,ein gøymestad for alle ureine ånder,ein gøymestad for alle ureine fuglar,ein gøymestad for alle ureine og avskyelege dyr.

3. For alle folkeslag har drukkevreidevin frå horeriet hennar.Kongane på jorda har drive hor med henne,og kjøpmennene på jorda har vorte rikeav hennar overdådige luksus.»

4. Frå himmelen høyrde eg ei anna røyst:«Far bort frå henne, mitt folk,så de ikkje blir medskuldige i syndene hennarog ikkje ramma av plagene hennar.

5. For syndene hennar har tårna seg opp heilt til himmelen,og Gud har vorte mint om all uretten ho har gjort.

6. Gjev henne att likt for likt,ja, gjev henne dobbelt att for det ho har gjort,og skjenk dobbelt opp til hennei det begeret ho sjølv har skjenkt opp.

7. Gjev henne like mykje pine og sorgsom ho sjølv har unnt seg prakt og luksus.Ho seier til seg sjølv:‘Her sit eg som dronning,eg er ikkje enkje,og sorg skal eg aldri vita av.’

8. Difor skal plagene hennar komapå éin og same dagen:død og sorg og hungersnaud,og ho skal brennast opp med eld.For veldig er Herren Gud som dømmer henne.»

9. Kongane på jorda, som har levd med henne i hor og luksus, skal gråta og bryta ut i klagerop over henne når dei ser røyken stiga opp der ho brenn.

10. Skremde av lidingane hennar skal dei stå langt borte og ropa:«Ve, ve du store by,Babylon, du mektige by!På ein einaste time kom dommen over deg.»

11. Kjøpmennene på jorda skal gråta og sørgja over henne fordi ingen kjøper skipslastene deira lenger:

12. skipslaster av gull og sølv, edelsteinar og perler, fint lin og purpur, silke og skarlak, allslags angande tre, alle slags ting av elfenbein og verdfullt tre, av kopar, jern og marmor,

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 18