Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 17:10-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Fem av dei er falne, éin er no, og éin er enno ikkje komen, og når han kjem, skal han bli verande berre ei lita stund.

11. Dyret som var, men ikkje er, det er sjølv den åttande, men like fullt ein av dei sju og går sin undergang i møte.

12. Dei ti horna du såg, er ti kongar som enno ikkje har fått kongerike, men saman med dyret skal dei få kongsmakt i éin time.

13. Alle vil dei eitt og det same og gjev si makt og sin råderett til dyret.

14. Dei skal føra krig mot Lammet. Men Lammet er herren over herrane og kongen over kongane og skal sigra over dei saman med sine, dei som er kalla og utvalde og trufaste.»

15. Så seier han til meg: «Dei vatna du såg der hora sit, er folk og folkemengder, folkeslag og menneske med ulikt tungemål.

16. Og dei ti horna du såg, og dyret med, skal hata hora, leggja henne øyde og kle henne naken, eta kjøtet hennar og brenna henne opp med eld.

17. For Gud gav dei i hjartet å fullføra hans plan og ha éin og same vilje: å gje si kongsmakt til dyret, heilt til Guds ord er oppfylt.

18. Og kvinna du såg, er den store byen som har kongsmakt over kongane på jorda.»

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 17