Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 16:15-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. – «Sjå, eg kjem som ein tjuv. Sæl er den som vaker og tek vare på kleda sine, så han ikkje må gå naken og visa si skam.» –

16. Og dei samla kongane på den staden som på hebraisk heiter Harmageddon.

17. Den sjuande engelen tømde si skål ut i lufta. Då høyrdest det frå trona i tempelet ei høg røyst som sa: «Det er skjedd!»

18. Og det kom lyn og drønn og torebrak, og eit jordskjelv som det ikkje har vore maken til så lenge det har levd menneske på jorda – så kraftig var det.

19. Den store byen vart kløyvd i tre delar, og byane til folkeslaga vart lagde i grus. Gud gløymde ikkje det store Babylon og lét det få begeret med hans harme- og vreidevin.

20. Kvar øy vart borte, og fjella fanst ikkje meir.

21. Veldige hagl så tunge som ein talent fall ned frå himmelen over menneska. Men dei spotta Gud for plaga med haglet, for plaga var frykteleg.

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 16