Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 15:1-3 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Og eg såg eit anna teikn i himmelen, stort og underfullt: sju englar med dei sju siste plagene, for med dei er Guds vreide fullført.

2. Og eg såg noko som likna eit hav av glas blanda med eld. På glashavet stod dei som hadde sigra over dyret og biletet av det og talet som står for namnet åt dyret. Dei har Guds harper i hendene

3. og syng den lovsongen som Guds tenar Moses song, den som òg er songen for Lammet: Store og underfulle er dine gjerningar, Herre Gud, du Allmektige. Rettferdige og sanne er dine vegar, du konge over folkeslaga.

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 15