Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 14:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Og eg såg, og sjå! – Lammet stod på Sion-fjellet, og saman med han dei 144 000 som hadde namnet til Lammet og namnet til Far hans skrivne på panna.

2. Frå himmelen høyrde eg ein lyd som bruset av veldige vassmengder og drønn av sterke toreslag. Og lyden var som når harpespelarar spelar på harpene sine.

3. Og dei song ein ny song framfor trona og dei fire skapningane og dei eldste, ein song som ingen kunne læra utan dei 144 000, dei som er frikjøpte frå jorda.

4. Dette er dei som ikkje har gjort seg ureine med kvinner, for dei er som jomfruer. Det er dei som følgjer Lammet kvar han går. Det er dei av menneska som er frikjøpte og skal vera ei førstegrøde for Gud og Lammet.

5. I deira munn vart det ikkje funne løgn, dei er utan feil.

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 14