Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 13:8-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Og alle som bur på jorda, skal tilbe dyret, alle som heilt frå verda vart grunnlagd, ikkje har fått namnet sitt skrive i livsens bok hos Lammet som vart slakta.

9. Den som har øyre, høyr!

10. Den som skal i fangenskap, må gå i fangenskap. Den som skal drepast med sverd, må døy for sverd.Her må dei heilage halda ut og ha tru.

11. Og eg såg eit anna dyr stiga opp av jorda. Det hadde to horn som eit lam, men tala som ein drake.

12. All den makt det første dyret har, bruker det andre dyret i teneste for det første. Det får heile jorda og dei som bur der, til å tilbe det første dyret – det som hadde fått banesåret sitt lækt.

13. Det gjer store teikn, så det endå lèt eld frå himmelen fara ned på jorda midt for auga på folk.

14. Det forfører dei som bur på jorda, med dei teikn det har fått makt til å gjera i teneste for dyret. Og det seier til folka på jorda at dei skal laga ei biletstøtte til ære for dyret – det som vart såra med sverd, men livna til att.

15. Det fekk makt til å blåsa liv i biletet av dyret, så det jamvel kunne tala, og til å få drepe alle dei som ikkje ville tilbe biletet av dyret.

16. Dyret tvingar alle, små og store, rike og fattige, frie og slavar, til å ha eit merke på høgre handa eller på panna.

17. Og ingen kan kjøpa eller selja noko utan å ha dette merket: namnet på dyret eller det talet som svarar til namnet.

18. Her gjeld det å ha visdom. Lat den som har forstand, rekna ut talet for dyret! For det er talet for eit menneske, og talet er 666.

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 13