Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 12:7-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Då braut det ut krig i himmelen: Mikael og englane hans gjekk til krig mot draken. Draken kjempa saman med englane sine,

8. men dei vart overvunne, og det fanst ikkje lenger rom for dei i himmelen.

9. Den store draken, den gamle slangen, han som blir kalla djevelen og Satan, og som forfører heile verda, vart kasta ned på jorda, og englane hans vart kasta ned saman med han.

10. Og eg høyrde ei høg røyst i himmelen som sa:«Sigeren og makta og riket tilhøyrer no vår Gud,og herredømet den han har salva.For klagaren er kasta,han som dag og natt førte klagemål mot syskena vårefor vår Guds andlet.

11. Dei har vunne over han i kraft av blodet frå Lammetog det ordet dei vitna om;dei hadde ikkje livet så kjært at dei ikkje ville gå i døden.

12. Difor skal de jubla, de himlar og de som bur i dei!Men ve over jorda og havet,for djevelen har kome ned til dykk,og vreiden hans er stor,for han veit at tida hans er kort.»

13. Då draken såg at han var kasta ned på jorda, forfølgde han kvinna som hadde fødd gutebarnet.

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 12