Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 12:1-4 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Det synte seg eit stort teikn på himmelen: ei kvinne sveipt i sola, med månen under føtene og med ein krans av tolv stjerner på hovudet.

2. Ho var med barn og skreik i barselsmerter og fødselsrier.

3. På himmelen synte det seg òg eit anna teikn, ein stor drake, raud som eld. Han hadde sju hovud og ti horn og på hovuda sju kroner.

4. Halen hans drog med seg tredjedelen av stjernene på himmelen og kasta dei ned på jorda. Draken stilte seg framfor kvinna som skulle føda, for å sluka barnet så snart det var fødd.

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 12