Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 1:17-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Då eg såg han, fall eg ned for føtene hans som eg var død. Men han la høgre handa si på meg og sa:«Ver ikkje redd! Eg er den første og den siste

18. og den levande. Eg var død, men sjå, eg lever i all æve og har nøklane til døden og dødsriket.

19. Skriv no ned det du har sett, det som er, og det som heretter skal koma.

20. Dette er løyndomen med dei sju stjernene du såg i mi høgre hand, og dei sju lysestakane av gull: Dei sju stjernene er englane for dei sju forsamlingane, og dei sju lysestakane er dei sju forsamlingane.»

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 1