Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes' Openberring 1:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Dette er Jesu Kristi openberring, som Gud gav han så han skulle visa tenarane sine det som snart skal henda. Han sende engelen sin og kunngjorde det for tenaren sin, Johannes.

2. Det er han som her vitnar om Guds ord og ber fram Jesu Kristi vitnemål, alt det han har sett.

3. Sæl er den som les opp orda i denne profetien, og sæle er dei som høyrer dei og held fast på det som der står skrive. For tida er nær.

4. Johannes helsar dei sju forsamlingane i Asia: Nåde vere med dykk og fred frå han som er og som var og som kjem, og frå dei sju åndene som står framfor trona hans,

5. og frå Jesus Kristus, det truverdige vitnet, den førstefødde av dei døde og herren over kongane på jorda. Han som elskar oss og har fria oss frå syndene våre med sitt blod

6. og har gjort oss til eit kongerike, til prestar for Gud, sin Far, han skal ha æra og makta i all æve. Amen.

7. Sjå, han kjem med skyene,og kvart auge skal sjå han,også dei som har gjennomstunge han,og alle folkeslag på jorda skal bryta ut i klagerop over han.Ja, amen!

8. Eg er Alfa og Omega, seier Herren Gud, han som er og som var og som kjem, Den allmektige.

9. Eg, Johannes, som er bror dykkar og saman med dykk har del i trengslene, i riket og vona i Jesus, eg var på øya Patmos. Dit var eg komen på grunn av Guds ord og vitnemålet om Jesus.

Les hele kapitlet Johannes' Openberring 1