Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jakob 5:3-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. gullet og sølvet er rusta bort, og rusta skal vitna mot dykk og eta kroppen dykkar som eld. De har samla dykk skattar i endetida!

4. Men høyr: Ho ropar høgt, den løna de heldt att frå arbeidarane som skar åkrane dykkar, og klageropet frå dei som haustar inn, har nådd fram til Herren Sebaots øyre.

5. I luksus og overflod har de levd på jorda og gjort hjarta dykkar feite til slaktedagen.

6. Den rettferdige har de dømt og drepe, og ingen gjer motstand mot dykk.

7. Ver då tolmodige, sysken, til Herren kjem! Ein bonde må venta på den dyrebare grøda frå jorda og vera tolmodig til både haustregnet og vårregnet har falle.

8. Slik må de òg vera tolmodige og gjera hjarta sterke, for Herren kjem snart.

9. Klag ikkje på kvarandre, sysken, så de ikkje skal bli dømde. Sjå, dommaren står framfor døra.

10. Ta profetane til føredøme, sysken, dei som tala i Herrens namn. Dei heldt tolmodig ut når dei måtte lida vondt.

11. Ja, alle som held ut, prisar vi sæle! De har høyrt korleis Job heldt ut, og har sett kva ende Herren lét han få. For Herren er rik på medkjensle og miskunn.

12. Framfor alt må de ikkje sverja, mine sysken, verken ved himmelen eller jorda eller ved noko anna. Lat eit ja vera ja og eit nei vera nei, så de ikkje skal koma under dommen!

13. Er det nokon av dykk som har det vondt? Då skal han be. Er nokon ved godt mot? Då skal han syngja lovsongar.

14. Er nokon av dykk sjuk, skal han kalla til seg dei eldste i forsamlinga, og dei skal be over han og salva han med olje i Herrens namn.

15. Og bøna som er boren fram i tru, skal berga den sjuke, og Herren skal reisa han opp. Og har han gjort synder, skal han få dei tilgjevne.

16. Vedkjenn då syndene for kvarandre og be for kvarandre, så de kan bli lækte. Bøna frå eit rettferdig menneske verkar med stor kraft.

Les hele kapitlet Jakob 5