Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jakob 5:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Og no, de rike! Gråt og jamra over all den ulukke som ventar dykk!

2. Rikdomen dykkar har rotna, og kleda er mølletne;

3. gullet og sølvet er rusta bort, og rusta skal vitna mot dykk og eta kroppen dykkar som eld. De har samla dykk skattar i endetida!

4. Men høyr: Ho ropar høgt, den løna de heldt att frå arbeidarane som skar åkrane dykkar, og klageropet frå dei som haustar inn, har nådd fram til Herren Sebaots øyre.

5. I luksus og overflod har de levd på jorda og gjort hjarta dykkar feite til slaktedagen.

6. Den rettferdige har de dømt og drepe, og ingen gjer motstand mot dykk.

7. Ver då tolmodige, sysken, til Herren kjem! Ein bonde må venta på den dyrebare grøda frå jorda og vera tolmodig til både haustregnet og vårregnet har falle.

8. Slik må de òg vera tolmodige og gjera hjarta sterke, for Herren kjem snart.

9. Klag ikkje på kvarandre, sysken, så de ikkje skal bli dømde. Sjå, dommaren står framfor døra.

Les hele kapitlet Jakob 5