Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jakob 2:8-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Dersom de oppfyller den kongelege lov i Skrifta: Du skal elska nesten din som deg sjølv, då gjer de rett.

9. Men gjer de forskjell på folk, då syndar de, og lova klagar dykk som lovbrytarar.

10. For den som held heile lova, men snublar i eit einaste bod, han har gjort seg skuldig i brot på dei alle.

11. For han som sa: Du skal ikkje bryta ekteskapet, han sa òg: Du skal ikkje slå i hel. Om du då ikkje bryt ekteskapet, men slår i hel, så har du vorte ein lovbrytar.

12. Etter fridomens lov skal de dømmast, etter den skal de tala og handla.

13. For dommen skal vera utan miskunn mot den som ikkje har vist miskunn. Men miskunn sigrar over dommen.

14. Kva hjelper det, sysken, om nokon seier at han har tru, når han ikkje har gjerningar? Kan vel trua frelsa han?

15. Set at ein bror eller ei syster ikkje har klede og manglar mat for dagen,

16. kva hjelper det då om ein av dykk seier til dei: «Gå med fred, varm dykk og et dykk mette!» utan å gje dei det kroppen treng?

17. På same måten er det med trua: i seg sjølv, utan gjerningar, er ho død.

18. Kanskje vil nokon seia: «Du har tru, eg har gjerningar.» Vis meg di tru utan gjerningar, så skal eg ut frå gjerningane visa deg mi tru.

Les hele kapitlet Jakob 2