Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jakob 2:14-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Kva hjelper det, sysken, om nokon seier at han har tru, når han ikkje har gjerningar? Kan vel trua frelsa han?

15. Set at ein bror eller ei syster ikkje har klede og manglar mat for dagen,

16. kva hjelper det då om ein av dykk seier til dei: «Gå med fred, varm dykk og et dykk mette!» utan å gje dei det kroppen treng?

17. På same måten er det med trua: i seg sjølv, utan gjerningar, er ho død.

18. Kanskje vil nokon seia: «Du har tru, eg har gjerningar.» Vis meg di tru utan gjerningar, så skal eg ut frå gjerningane visa deg mi tru.

19. Du trur at Gud er éin? Det gjer du rett i. Dei vonde åndene trur det same – og skjelv!

20. Vil du ikkje skjøna, du tankelause menneske, at tru utan gjerningar er til inga nytte?

21. Var det ikkje på grunn av gjerningar at Abraham, far vår, vart rekna som rettferdig då han bar fram Isak, son sin, som offer på altaret?

22. Slik kan du sjå at trua verka saman med gjerningane hans, og gjennom gjerningane vart trua fullenda.

23. På den måten vart dette skriftordet oppfylt: Abraham trudde Gud, og difor rekna Gud han som rettferdig, og han vart kalla «Guds ven».

24. Der ser de at eit menneske blir rekna som rettferdig på grunn av gjerningar og ikkje berre ved tru.

25. På same måten var det med Rahab, ho som var prostituert: Vart ikkje ho rekna som rettferdig på grunn av gjerningar, fordi ho tok imot utsendingane og sleppte dei ut ein annan veg?

26. For liksom kroppen er død utan ånd, er trua død utan gjerningar.

Les hele kapitlet Jakob 2