Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jakob 2:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Mine sysken, de kan ikkje tru på vår Herre Jesus Kristus, herlegdomens Herre, og samtidig gjera forskjell på folk.

2. Set at det kjem to menn inn i forsamlinga dykkar – den eine i staselege klede og med gullring på fingeren, den andre fattig og i skitne klede.

3. Då legg de merke til han i dei staselege kleda og seier: «Kom hit og finn deg ein god plass!» Men til den fattige seier de: «Du kan stå der!» eller: «Set deg her ved føtene mine!»

4. Har de ikkje då skapt eit skilje mellom dykk? Har de ikkje vorte dommarar med vonde tankar?

5. Høyr no, mine kjære sysken: Har ikkje Gud valt ut dei fattige i verda til å vera rike i trua og til å arva det riket han har lova dei som elskar han?

6. Men de har forakta den fattige! Er det ikkje dei rike som undertrykkjer dykk og dreg dykk fram for domstolen?

7. Er det ikkje dei som spottar det gode namnet som er nemnt over dykk?

8. Dersom de oppfyller den kongelege lov i Skrifta: Du skal elska nesten din som deg sjølv, då gjer de rett.

9. Men gjer de forskjell på folk, då syndar de, og lova klagar dykk som lovbrytarar.

Les hele kapitlet Jakob 2