Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jakob 1:8-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. tvihuga som det er og ustøtt i all si ferd.

9. Ein bror som står lågt i rang, skal vera stolt av kor høgt han blir sett,

10. og ein rikmann skal vera stolt av kor lågt han blir sett, for som blomen i graset skal han forgå.

11. Sola stig og brenn, graset visnar, blomen fell av, og all hans prakt er borte. På same måten skal den rike visna midt i alt sitt strev.

12. Sælt er det mennesket som held ut i freistingar. Når det har stått si prøve, skal det få livsens sigerskrans, som Gud har lova dei som elskar han.

13. Ingen som blir freista, må seia: «Det er Gud som freistar meg.» For Gud blir ikkje freista av det vonde, og sjølv freistar han ingen.

14. Alle blir freista av si eiga vonde lyst, som lokkar og dreg.

15. Sidan, når lysta er svanger, føder ho synd, og når synda er mogen, føder ho død.

16. Far ikkje vill, mine kjære sysken!

17. All god gåve og all fullkomen gåve kjem ovanfrå, frå han som er Far til lysa på himmelen. Hos han er det ikkje forandring eller skiftande skuggar.

Les hele kapitlet Jakob 1