Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jakob 1:19-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Dette må de vita, mine kjære sysken: Kvar og ein skal vera snar til å høyra, men sein til å tala og sein til å bli sint.

20. For sinne hos eit menneske fører ikkje til det som er rett for Gud.

21. Legg difor av alt som er ureint, og all slags vondskap, og ta audmjukt imot det ordet som er planta i dykk, det som har kraft til å frelsa sjelene dykkar.

22. De må gjera det Ordet seier, ikkje berre høyra det. Elles lurer de dykk sjølve.

23. For den som høyrer Ordet og ikkje gjer det Ordet seier, er lik ein mann som ser på sitt eige andlet i ein spegel:

24. Han ser på det, går sin veg og gløymer straks korleis han såg ut.

25. Men den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held fram med det, gløymer ikkje det han høyrer, men gjer etter det. Eit slikt menneske skal vera lukkeleg i si gjerning.

26. Den som meiner at han dyrkar Gud, men ikkje kan tøyma tunga si, narrar seg sjølv, og gudsdyrkinga hans er utan verdi.

27. Ei rein og feilfri gudsdyrking for Gud, vår Far, er dette: å sjå til enkjer og foreldrelause born i deira naud, og ikkje la seg flekka til av verda.

Les hele kapitlet Jakob 1