Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hebrearane 9:1-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Den første pakta hadde òg sine forskrifter om gudsteneste, og ho hadde ein jordisk heilagdom.

2. Det var reist eit telt. Det fremste rommet blir kalla Det heilage. Der stod lysestaken og bordet og skodebrøda.

3. Bakom det inste forhenget var det eit anna rom som blir kalla Det høgheilage.

4. Det hadde eit røykjelsesaltar av gull og paktkista som var kledd med gull over det heile. I kista var det ei gullkrukke med manna, Arons stav som fekk friske skot, og pakttavlene.

5. Over kista var herlegdomskjerubane; dei la skuggen sin over soningsstaden. Dette kan vi ikkje gå nærare inn på no.

6. På denne måten var alt ordna. Det fremste rommet går prestane stadig inn i når dei gjer si teneste.

7. Men i det andre går øvstepresten inn åleine og berre ein gong om året, og aldri utan blod, som han ber fram for seg sjølv og for dei syndene folket har gjort utan å vita det.

8. Dermed viser Den heilage ande at vegen inn i heilagdomen ikkje har vorte openberra så lenge det fremste rommet enno står.

9. Dette er eit bilete på den tid som no er. Dei ber fram gåver og offer som ikkje kan gjera den som dyrkar Gud, fullkomen når det gjeld samvitet.

10. Liksom forskriftene om mat og drikke og om alle slag reinsingar er dette berre ytre påbod: Dei skulle gjelda fram til tida då den rette ordninga vart innført.

11. Men Kristus er komen som øvsteprest for alt det gode vi no har. Han har gått gjennom det teltet som er større og meir fullkome, og som ikkje er laga av menneskehand, det vil seia: som ikkje høyrer til denne skapte verda.

Les hele kapitlet Hebrearane 9