Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hebrearane 7:11-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Dersom ein kunne nå det fullkomne gjennom det levittiske prestedømet, som folket var bunde til ved lova, kvifor måtte det då koma ein prest av eit anna slag, ein som blir kalla prest av same slag som Melkisedek og ikkje som Aron?

12. Men når prestedømet blir endra, er det nødvendig at lova òg blir endra.

13. For han som det her er tale om, høyrde til ein annan stamme, og ingen frå den stammen har gjort teneste ved altaret.

14. Det er velkjent at vår Herre stammar frå Juda, og Moses har aldri sagt noko om prestar frå den stammen.

15. Alt dette blir endå klårare når det stig fram ein annan prest, ein som er lik Melkisedek.

16. Han har ikkje vorte prest gjennom ei lov som krev ei bestemt avstamming, men gjennom krafta i eit uforgjengeleg liv.

17. Han får då dette vitnemålet: Du skal til evig tid vera prest av same slag som Melkisedek.

18. Med dette har eit eldre bod slutta å gjelda fordi det var veikt og utan verdi.

19. For lova førte ikkje noko fram til fullending. Men no kjem noko betre, ei von som gjer at vi kan koma Gud nær.

20. Dette har ikkje hendt utan at eid vart gjeven. Dei andre vart prestar utan eid,

21. men denne vart innsett med eid av Gud, som seier: Herren har svore og angrar det ikkje: Du skal til evig tid vera prest.

22. Difor er ho òg så mykje betre, den pakta Jesus går god for.

Les hele kapitlet Hebrearane 7