Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hebrearane 7:1-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Denne Melkisedek var konge i Salem og prest for Gud, Den høgste. Han kom og møtte Abraham og velsigna han då Abraham kom att etter sigeren over kongane,

2. og Abraham gav han tiend av alt. Han er for det første Melkisedek, namnet tyder «rettferds konge», dernest er han konge i Salem, det vil seia fredens konge.

3. Han er utan far og utan mor og har inga ættetavle. Dagane hans har inga byrjing og livet hans ingen ende. Slik er han lik Guds Son; han er og blir prest for alltid.

4. Legg merke til kor stor han er, denne mannen som Abraham, patriarken, gav tiend av det beste krigsbyttet.

5. Dei av Levis søner som blir prestar, skal etter lova ta tiend av folket, det vil seia av sine eigne sysken, sjølv om dei stammar frå Abraham.

6. Men Melkisedek, som ikkje er av deira ætt, tok tiend av Abraham og velsigna han som hadde fått Guds lovnader.

7. No kan ingen nekta for at det er den mindre som blir velsigna av den større.

8. Elles er det dødelege menneske som tek tiend, men her er det ein som får det vitnemålet at han lever.

9. Ja, i og med Abraham har Levi, han som elles tek tiend, på sett og vis sjølv gjeve tiend.

10. For enno ufødd var han i sin stamfar då Melkisedek gjekk til møtes med han.

11. Dersom ein kunne nå det fullkomne gjennom det levittiske prestedømet, som folket var bunde til ved lova, kvifor måtte det då koma ein prest av eit anna slag, ein som blir kalla prest av same slag som Melkisedek og ikkje som Aron?

12. Men når prestedømet blir endra, er det nødvendig at lova òg blir endra.

13. For han som det her er tale om, høyrde til ein annan stamme, og ingen frå den stammen har gjort teneste ved altaret.

14. Det er velkjent at vår Herre stammar frå Juda, og Moses har aldri sagt noko om prestar frå den stammen.

15. Alt dette blir endå klårare når det stig fram ein annan prest, ein som er lik Melkisedek.

16. Han har ikkje vorte prest gjennom ei lov som krev ei bestemt avstamming, men gjennom krafta i eit uforgjengeleg liv.

Les hele kapitlet Hebrearane 7