Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hebrearane 6:9-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Men vi har den tru om dykk, de kjære, at det står betre til, og at de er på frelsevegen, endå vi talar som vi gjer.

10. For Gud er ikkje urettferdig så han gløymer det de har gjort, og den kjærleiken til namnet hans som de har vist med å tena dei heilage, no som før.

11. Vi ønskjer berre at kvar og ein av dykk heilt til det siste må visa den same iveren etter å vera fullt overtydde i vona.

12. Då må de ikkje vera likesæle, men etterlikna dei som ved tru og tolmod arvar det som Gud har lova.

13. Då Gud gav Abraham lovnaden, svor han ved seg sjølv, for han hadde ingen større å sverja ved.

14. Han sa: «Sanneleg, eg vil velsigna deg rikt og gjera ætta di talrik utan ende.»

15. Og Abraham venta med tolmod og fekk det Gud hadde lova han.

16. Menneske sver ved ein som er større, og eiden er ei stadfesting som gjer ende på alle innvendingar.

17. Gud ville gjera det heilt klårt for dei som skulle arva lovnaden, kor urokkeleg hans avgjerd var; difor gjekk han god for det med eid.

Les hele kapitlet Hebrearane 6