Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hebrearane 6:17-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Gud ville gjera det heilt klårt for dei som skulle arva lovnaden, kor urokkeleg hans avgjerd var; difor gjekk han god for det med eid.

18. Med lovnad og eid, to ting som ikkje kan endrast – og Gud kan ikkje lyga – skulle vi ha ei sterk trøyst, vi som har gripe den vona som ligg framfor oss og såleis søkt redning.

19. Denne vona er eit trygt og fast anker for sjela. Det når innanfor forhenget,

20. dit Jesus har gått i førevegen for oss, han som til evig tid har vorte øvsteprest av same slag som Melkisedek.

Les hele kapitlet Hebrearane 6