Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hebrearane 6:1-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Difor må vi gå vidare frå det første vi lærte om Kristus, fram mot full mogning. Vi vil ikkje på nytt leggja grunnvollen med omvending frå døde gjerningar og tru på Gud,

2. med undervising om reinsingsbad og handspålegging, om oppstoda frå dei døde og om evig dom.

3. Slik skal vi gå vidare, om Gud vil.

4. Når nokon ein gong har vorte opplyst og har smaka den himmelske gåva og fått del i Den heilage ande,

5. har smaka Guds gode ord og kreftene frå den komande verda,

6. og så fell frå, då er det umogleg at dei igjen kan fornyast til omvending. Dei krossfester Guds Son på nytt og gjer han til spott.

7. Når ein åker drikk regnet som stadig fell på han, og ber grøde til nytte for dei som dyrkar han, får han velsigning frå Gud.

8. Men ber åkeren torn og tistel, er han til inga nytte. Forbanninga er nær, og det endar med at han blir avsvidd.

9. Men vi har den tru om dykk, de kjære, at det står betre til, og at de er på frelsevegen, endå vi talar som vi gjer.

10. For Gud er ikkje urettferdig så han gløymer det de har gjort, og den kjærleiken til namnet hans som de har vist med å tena dei heilage, no som før.

11. Vi ønskjer berre at kvar og ein av dykk heilt til det siste må visa den same iveren etter å vera fullt overtydde i vona.

12. Då må de ikkje vera likesæle, men etterlikna dei som ved tru og tolmod arvar det som Gud har lova.

Les hele kapitlet Hebrearane 6