Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hebrearane 4:3-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Og det er vi som trur, som går inn til kvila. For han sa: Så svor eg i min vreide: Aldri skal dei koma inn til mi kvile!Guds gjerningar var rett nok fullførte då verda vart grunnlagd.

4. For ein stad står det om den sjuande dagen: Så kvilte Gud den sjuande dagen frå alle sine gjerningar.

5. Men her seier han: «Aldri skal dei koma inn til mi kvile!»

6. Så står det framleis igjen at nokre skal koma inn til kvila. Dei som først fekk den gode bodskapen, kom ikkje inn, for dei var ulydige.

7. Difor fastset han på nytt ein dag: «i dag», når han lenge etter gjennom David talar det ordet som før er nemnt: I dag, om de høyrer hans røyst, så gjer ikkje hjartet dykkar hardt.

8. For om Josva hadde ført folket inn til kvila, då hadde ikkje Gud seinare tala om ein annan dag.

9. Så er det då framleis ei sabbatskvile i vente for Guds folk.

10. Den som er komen inn til hans kvile, får kvila frå sine gjerningar, liksom Gud kvilte frå sine.

11. Lat oss difor vera ivrige etter å koma inn til denne kvila, så ingen fell frå på grunn av same slag ulydnad.

12. For Guds ord er levande og verksamt. Det er skarpare enn noko tvieggja sverd og trengjer igjennom til det kløyver sjel og ånd, merg og bein, og dømmer dei tankar og planar som bur i hjartet.

Les hele kapitlet Hebrearane 4