Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hebrearane 2:9-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Men Jesus, som for ei lita stund var sett lågare enn englane, han ser vi no krona med herlegdom og ære fordi han leid og døydde. Slik skulle han ved Guds nåde smaka døden for alle.

10. Gud ville føra mange born til herlegdom. For han og ved han er alle ting. Då måtte han la opphavsmannen til frelsa nå fullendinga gjennom lidingar.

11. Han som helgar, og dei som blir helga, kjem alle frå den eine. Difor skjemmest ikkje Sonen ved å kalla dei sysken.

12. Han seier: Eg vil forkynna ditt namn for mine brør, midt i forsamlinga vil eg lovprisa deg.

13. Og like eins: Eg vil setja mi lit til han.Og vidare: Sjå, eg og borna som Gud har gjeve meg.

14. Sidan borna er av kjøt og blod, måtte han òg fullt ut bli som dei, for at han med sin død skulle gjera ende på han som har dødens makt, det er djevelen,

15. og fria ut alle dei som av redsle for døden var under slavekår heile sitt liv.

16. For det er ikkje englar han tek seg av. Nei, han tek seg av Abrahams ætt.

17. Difor måtte han bli lik syskena sine i alle ting, så han kunne vera ein miskunnsam og trufast øvsteprest for Gud og sona syndene til folket.

18. Fordi han sjølv har lide og vorte freista, kan han hjelpa dei som blir freista.

Les hele kapitlet Hebrearane 2