Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hebrearane 2:1-7 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Difor må vi så mykje meir akta på det vi har høyrt, så vi ikkje driv bort frå det.

2. For når det ordet som vart tala gjennom englar, var gyldig, så kvart lovbrot og kvar ulydnad fekk si rettkomne straff,

3. korleis skal då vi kunna gå fri om vi ikkje bryr oss om ei frelse som er så mykje større? Denne frelsa vart først forkynt av Herren og sidan stadfest for oss av dei som hadde høyrt han.

4. Gud har sjølv gjeve sitt vitnemål, både med teikn og under og mange slag mektige gjerningar og med å dela ut Den heilage andens gåver etter sin vilje.

5. For det er ikkje under englar Gud har lagt den komande verda som vi talar om.

6. Dette er det ein som har vitna om ein stad: Kva er eit menneske – at du hugsar på det, ein menneskeson – at du tek deg av han?

7. Ei lita stund sette du han lågare enn englane. Så krona du han med herlegdom og ære.

Les hele kapitlet Hebrearane 2