Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hebrearane 12:15-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. Sjå til at ikkje nokon går bort frå Guds nåde! Lat inga beisk rot få veksa opp og gjera skade så mange blir forgifta.

16. Sjå til at ingen driv hor eller lever gudlaust som Esau, han som selde førstefødselsretten sin for eit einaste måltid mat.

17. De veit at han sidan vart bortvist då han ønskte å få velsigninga. Det var ikkje mogleg å venda om, endå han bad med tårer.

18. De er ikkje komne til eit fjell de kan ta og kjenna på, ikkje til logande eld, til skyer, mørker og storm,

19. ikkje til gjallande horn og ei røyst som tala slik at dei som høyrde på, bad om å bli sparte for å høyra meir.

20. For dei kunne ikkje tola det påbodet som vart gjeve: Om så eit dyr rører ved fjellet, skal det steinast.

21. Ja, så skremmande var synet at Moses sa: «Eg er så redd at eg skjelv.»

22. Nei, de er komne til Sion-fjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsfeiring,

23. til forsamlinga av dei førstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein dommar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nådd fullendinga,

24. til Jesus, mellommannen for ei ny pakt, og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod.

25. Sjå til at de ikkje viser frå dykk han som talar! Dei som viste frå seg han som tala guddomsord her på jorda, kom ikkje unna. Endå mindre skal vi koma unna om vi vender oss bort frå han som talar frå himmelen.

26. Den gongen fekk røysta hans jorda til å skjelva. Men no har han lova: Endå ein gong vil eg rista ikkje berre jorda, men himmelen med.

27. Her står det: «endå ein gong». Dette viser at det som kan rokkast fordi det er skapt, skal skiftast ut, så det som ikkje kan rokkast, skal bli ståande.

28. Sidan vi får eit urokkeleg rike, så lat oss vera takksame og slik tena Gud med gudsfrykt og ærefrykt, til glede for Gud.

29. For vår Gud er ein fortærande eld.

Les hele kapitlet Hebrearane 12