Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hebrearane 12:10-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. For fedrane viste oss til rette berre ei kort tid og slik dei sjølve syntest var best, men han gjer det til vårt beste, så vi skal bli heilage som han.

11. All irettesetjing synest nok å vera meir til sorg enn til glede medan ho står på. Men sidan gjev ho att fred og rettferd som frukt hos dei som slik har vorte oppøvde.

12. Difor, styrk dei hangande hender og dei skjelvande kne!

13. Lat føtene gå på beine vegar,så det halte ikkje blir vridd ut av ledd, men heller blir lækt.

14. Jag etter fred med alle, og etter helging, for utan helging skal ingen sjå Herren.

15. Sjå til at ikkje nokon går bort frå Guds nåde! Lat inga beisk rot få veksa opp og gjera skade så mange blir forgifta.

16. Sjå til at ingen driv hor eller lever gudlaust som Esau, han som selde førstefødselsretten sin for eit einaste måltid mat.

17. De veit at han sidan vart bortvist då han ønskte å få velsigninga. Det var ikkje mogleg å venda om, endå han bad med tårer.

18. De er ikkje komne til eit fjell de kan ta og kjenna på, ikkje til logande eld, til skyer, mørker og storm,

19. ikkje til gjallande horn og ei røyst som tala slik at dei som høyrde på, bad om å bli sparte for å høyra meir.

20. For dei kunne ikkje tola det påbodet som vart gjeve: Om så eit dyr rører ved fjellet, skal det steinast.

21. Ja, så skremmande var synet at Moses sa: «Eg er så redd at eg skjelv.»

22. Nei, de er komne til Sion-fjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsfeiring,

23. til forsamlinga av dei førstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein dommar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nådd fullendinga,

24. til Jesus, mellommannen for ei ny pakt, og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod.

25. Sjå til at de ikkje viser frå dykk han som talar! Dei som viste frå seg han som tala guddomsord her på jorda, kom ikkje unna. Endå mindre skal vi koma unna om vi vender oss bort frå han som talar frå himmelen.

26. Den gongen fekk røysta hans jorda til å skjelva. Men no har han lova: Endå ein gong vil eg rista ikkje berre jorda, men himmelen med.

Les hele kapitlet Hebrearane 12