Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hebrearane 11:27-40 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

27. I tru drog han bort frå Egypt utan å ottast kongens vreide. Han heldt ut, for det var som om han såg den usynlege.

28. I tru heldt han påske og strauk blodet på dørkarmane, så øydeleggjaren ikkje skulle røra dei førstefødde hos israelittane.

29. I tru gjekk dei gjennom Raudehavet som over tørt land, men då egyptarane freista det same, drukna dei.

30. Ved tru fall Jerikos murar då folket hadde gått rundt dei i sju dagar.

31. I tru vart Rahab, ho som var prostituert, berga så ho ikkje mista livet saman med dei ulydige, for med fred hadde ho teke imot dei som kom for å speida ut landet.

32. Og kva meir skal eg nemna? Tida strekk ikkje til om eg skal fortelja om Gideon, Barak, Samson og Jefta, om David, Samuel og profetane.

33. Ved tru vann dei over kongerike, heldt oppe retten, fekk lovnader oppfylte, lukka gapet på løver,

34. sløkte veldig eld, slapp unna bitande sverd, gjekk frå vanmakt til styrke, vart sterke i krig og slo fiendehærar på flukt.

35. Kvinner fekk tilbake sine døde; dei hadde stått opp. Nokre vart torturerte og sa nei til å bli kjøpte fri, for dei ville heller nå fram til ei betre oppstode.

36. Andre laut tola spott og piskeslag, ja, til og med lenkjer og fengsel.

37. Nokre vart steina, saga i to eller drepne med sverd. Andre måtte gå omkring i saueskinn og geiteskinn, i naud, forfølgde og mishandla.

38. Verda var dei ikkje verdig, og dei måtte flakka omkring i øydemarker og fjell og halda til i grotter og hòler.

39. Alle desse fekk godt vitnemål for si tru, men dei opplevde ikkje å få det som var lova.

40. Gud såg føre seg noko som er betre for oss: at dei ikkje skulle nå fram til fullendinga utan oss.

Les hele kapitlet Hebrearane 11