Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hebrearane 11:2-12 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. For trua si fekk dei gamle godt vitnemål.

3. I tru skjønar vi at verda er skapt ved Guds ord, og at det vi ser, ikkje har vorte til av det synlege.

4. I tru bar Abel fram for Gud eit betre offer enn Kain. Fordi han trudde, fekk han vitnemål om at han var rettferdig, for Gud vitna om offergåvene hans. Og med si tru talar han enno, sjølv om han er død.

5. I tru vart Henok bortrykt utan å døy. Ingen såg han meir, for Gud hadde teke han til seg. Før han vart bortrykt, fekk han vitnemål om at han var til glede for Gud.

6. Utan tru er det umogleg å vera til glede for Gud. For den som stig fram for Gud, må tru at han er til, og at han løner dei som søkjer han.

7. I tru fekk Noah varsel om det han endå ikkje såg. I gudsfrykt bygde han ei ark og berga huslyden sin. Trua hans vart ein dom over verda, og sjølv vart han arving til den rettferda som trua gjev.

8. I tru var Abraham lydig då han vart kalla, og drog ut til eit land som han skulle få i arv. Han tok ut endå han ikkje visste kvar han kom.

9. I tru levde han som framand i det landet Gud hadde lova han. Han budde i telt saman med Isak og Jakob, som var medarvingar til den same lovnaden.

10. For han venta på byen med dei faste grunnvollane, den som har Gud til byggmeister og skapar.

11. I tru fekk òg Sara kraft til å grunnleggja ei ætt, endå ho var ufruktbar og for gammal til å få barn. For ho stola på at han som hadde gjeve lovnaden, var trufast.

12. Frå éin mann, som var utan livskraft, kom det difor ei ætt så talrik som stjernene på himmelen og så tallaus som sanden på havsens strand.

Les hele kapitlet Hebrearane 11