Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Hebrearane 1:3-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Han er utstrålinga av Guds herlegdom og biletet av hans vesen, og han ber alt med sitt mektige ord. Då han hadde fullført reinsinga for syndene våre, sette han seg ved høgre handa åt Majesteten i det høge.

4. Slik vart han mykje større enn englane, for det namnet han har fått i arv, er så mykje større enn deira.

5. For aldri har Gud sagt til nokon engel: Du er Son min, eg har fødd deg i dag.Eller, som det òg står: Eg vil vera far for han, og han skal vera son for meg.

6. Og når han på nytt fører den førstefødde inn i verda, seier han: Alle Guds englar skal tilbe han.

7. Og om englane seier han: Han gjer englane sine til vindar, tenarane sine til logande eld.

8. Men om Sonen: Din kongsstol, Gud, står til evig tid, din herskarstav er rettferds stav.

9. Du har elska rettferd og hata urett. Difor har Gud, din Gud, salva deg og ikkje dine vener med gledes olje.

10. Og vidare: Du, Herre, grunnla i opphavet jorda, og himmelen er eit verk av dine hender.

11. Dei skal gå til grunne, men du blir verande. Dei skal alle eldast som klede.

12. Du rullar dei saman som ei kappe, dei blir utskifte som klede. Men du er den same, åra dine tek aldri slutt.

13. Men har han nokon gong sagt til ein av englane: Set deg ved mi høgre hand til eg får lagt dine fiendar som skammel for dine føter?

14. Er dei ikkje alle ånder som tener Gud og blir utsende for å hjelpa dei som skal få frelsa i arv?

Les hele kapitlet Hebrearane 1