Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Galatarane 6:4-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Kvar og ein skal dømma om si eiga gjerning og få ros for det han sjølv gjer, ikkje for det andre har gjort.

5. For kvar skal bera si eiga bør.

6. Den som får opplæring i Ordet, skal dela alt godt med læraren sin.

7. Far ikkje vill! Gud lèt seg ikkje spotta. Det eit menneske sår, skal det òg hausta.

8. Den som sår i sitt eige kjøt, haustar forderving frå kjøtet, men den som sår i Anden, haustar evig liv frå Anden.

9. Lat oss ikkje trøytna medan vi gjer det gode! Når tida kjem, skal vi hausta, berre vi ikkje gjev opp.

10. Så lat oss gjera godt mot alle så lenge det er tid, og mest mot vår familie i trua.

Les hele kapitlet Galatarane 6