Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Galatarane 5:11-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Men om det er så, sysken, at eg enno forkynner omskjering, kvifor blir eg då forfølgd? Då er ikkje krossen ein snublestein lenger.

12. Må dei berre skjera av seg alt saman, dei som spreier uro mellom dykk!

13. De er kalla til fridom, sysken. Lat berre ikkje fridomen bli eit påskot til å gjera det kjøtet vil, men ten kvarandre i kjærleik.

14. For heile lova er oppfylt i dette eine bodet: Du skal elska nesten din som deg sjølv.

15. Men når de bit og glefser etter kvarandre, så pass på at de ikkje et kvarandre opp!

16. Eg seier dykk: Lev eit liv i Anden! Då følgjer de ikkje dei vonde lystene i dykkar kjøt og blod.

17. For det kjøtet vil, står Anden imot, og det Anden vil, står kjøtet imot. Dei to ligg i strid med kvarandre, så de ikkje kan gjera det de vil.

18. Men blir de drivne av Anden, då er de ikkje under lova.

19. Det er klårt kva slag gjerningar som kjem frå kjøtet: hor, umoral, usømd,

20. avgudsdyrking, trolldom, fiendskap, strid, sjalusi, sinne, sjølvhevding, usemje, splittingar,

21. misunning, fyll, festing og meir av det slaget. Eg har sagt det før og seier det på nytt: Dei som driv med slikt, skal ikkje arva Guds rike.

22. Men Andens frukt er kjærleik, glede, fred, tolmod, mildskap, godleik, truskap,

23. audmjukskap og sjølvdisiplin. Slike ting er ikkje lova imot!

24. Dei som høyrer Kristus til, har krossfest kjøtet med lidenskapane og dei vonde lystene.

25. Lever vi ved Anden, så lat oss òg vandra i Anden.

26. Lat oss ikkje vera drivne av æresjuke så vi utfordrar og misunner kvarandre.

Les hele kapitlet Galatarane 5